Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Framsida > Informasjon om inntak og skulestart 2019/2020

Informasjon om inntak og skulestart 2019/2020

Inntak

Informasjon frå inntakskontoret:

________________________________________________________________________

Program for oppstartsveka

Måndag 19. august

Skulestart kl. 08.30

Elevane møter kontaktlærarane klassevis. Informasjon om rom finn du i vestibylen. Vi serverer frukost i kantina kl. 09.30 for Vg1 og kl. 10.15 for Vg2 og Vg3

Tysdag 20. august

Frukost i kantina

Oppstartstur for alle elevar i Vg1 med overnatting på Fjellseter Ungdomssenter (sjå eige program i dokumentlista til høgre på sida)

Onsdag 21. august

Oppstartstur for alle elevar i Vg1 med overnatting på Fjellseter Ungdomssenter(sjå eige program i dokumentlista til høgre på sida)

Torsdag 22. august

Ordinær undervisning

Fredag 23. august

Felles akivitetsdag på Mona

________________________________________________________________________

Skuleskyss

  • Har du meir enn 6 km avstand mellom heim og skule har du rett på fri skuleskyss. Du kan lese om dette og andre vilkår for fri skuleskyss her.
  • Alle må søkje! Om du ønskjer fri skuleskyss skuleåret 2019/2020 må du søkje du dette her: https://skoleskyss.mrfylke.no/.
  • Om du allereie har eit skuleskysskort, blir dette oppdatert (om du framleis har rett). Har du mista skuleskysskortet ditt må du kontakte oss, så vil vi bestille eit nytt.
  • Har du ikkje hatt skuleskysskort før vil du få eit nytt på skulen ved skulestart.
  • Søknadsfrist 30. juli! Du kan søkje om skuleskyss etter å ha takka ja til skuleplass. Du må registrere søknaden din inne utgangen av juli for at skuleskysskortet skal være hos skolen til skolestart for de elevene som ikke har hatt skoleskyss før, eller av andre grunner må ha nytt skoleskysskort.

Her finn du skulerutetidene for Stranda vgs.

________________________________________________________

PC-ordning for Vg1-elevar

Det er obligatorisk med berbar PC på Stranda vgs (og dei andre vidaregåande skulane som er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommunen).

Nye Vg1-elevar kan velje mellom to ordningar for å skaffe seg PC, fylkeskommunal elev-PC eller PC-stipend. Les meir om PC-ordningane her: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/PC-ordninga.

Om du ønskjer å bestille elev-PC bør du gjere det snarast råd, sjølv om fristen er 1. september.

________________________________________________________

Gratis lærebøker til alle elevar

Alle elevar får låne lærebøker av skulen gratis. Du treng altså ikkje å kjøpe ei einaste lærebok.

Anna undervisningsutstyr som du treng må du kjøpe sjølv (t.d. skrivemateriell, PC, kalkulator, arbeidsklede, verneutstyr).

________________________________________________________

Utstyrsstipend frå Lånekassa

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregående skule har rett på utstyrsstipend frå Lånekassa. Stipendet er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener. Alle som skal ha utstyrsstipend må søke Lånekassa.

I tillegg til utsttyrsstipendet kan du ha rett til andre stipend og/eller lån frå Lånekassa.

Er du under 18 år skal foreldra dine signere avtale om stipend. Lånekassa oppmodar foreldre til å opprette digital postkasse (e-Boks eller Digipost) og nytte seg av tilbodet om å få svarbrevet elektronisk og signere for eleven digitalt.

Les meir om dei ulike stipenda og låna og korleis du søker på laanekassen.no.

________________________________________________________

Dokument

Camp Fjellsætra - oppstartstur for Vg1
PDF-dokument - 57,56 kB