Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Framsida > Korona 2020 > Gradvis opning av skolane våre frå 27. april (fylkesinfo)

Gradvis opning av skolane våre frå 27. april (fylkesinfo)

Frå 27.april opnar skolane våre, i første omgang for elevar ved Vg2 yrkesfag og elevar ved Vg3 som følger yrkesfagleg løp i skole. Det er programfaga/praktiske fag som vil bli prioritert for undervisning på skolen, og for dei fleste elevane vil undervisninga i fellesfag framleis vere digital. Elevane får informasjon om dette frå eigen skole.

For å sikre at skolane kan gjennomføre ei forsvarleg drift har Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet utarbeidd ein rettleiar med råd og føringar til dei vidaregåande skolane. Rettleiaren er gyldig frå 20. april, og vil bli oppdatert ved behov.

Ei forsvarleg drift krev godt samarbeid mellom alle aktørar som har oppgåver i skolen, både personalet, skolehelsetenesta, elevane og føresette.

Å få komme tilbake på skolen er viktig for elevane
Skoleåret er snart ferdig, og mange elevar ved Vg2 og Vg3 yrkesfag skal straks signere opplæringskontrakter med bedrifter. Det har derfor stor betydning at ungdom kan komme tilbake på skolen i utbrotsperioden, samtidig som smittevernet blir tatt i vare, både for elevane og dei tilsette. For å avgrense smitte under ei kontrollert opning av skolar finst det ei rekke tiltak som skolen kan sette i verk. Tiltaka nedanfor er utdrag frå rettleiaren i smittevern for ungdomsskole og vidaregåande skole. Les heile rettleiaren her.