Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Framsida > Korona 2020 > Koronastatus 03.01.2021

Koronastatus 03.01.2021

Regjeringa oppfordra i dagens pressekonferanse (https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-flere-nasjonale-smitteverntiltak/id2826466/) om at alle vidaregåande skular i heile landet går over til raudt nivå i smittevernrettleiaren fram til 18. januar. 

Vi vil følgje denne oppfordringa og drive skulen slik vi gjorde det i to periodar i haust. Dette inneber:

  • Vi legg til rette for minst mogleg kontakt mellom elevane, spesielt mellom elevar i ulike klasser.
  • Elevane sit ikkje to-og-to eller i grupper, dei sitt ein-og-ein med minst ein meter mellom seg i klasseromma.
  • Bortsett frå kantina er fellesareala ikkje i bruk. I kantina blir det reingjort mellom kvar brukar.
  • Inventar og utsyr som blir bruk av ulike elevar/tilsette blir reingjort mellom kvar brukar.
  • I all opplæring, inkludert dei praktiske idrettsfaga og kroppsøving blir aktiviteten planlagt utan fysisk kontakt.

Vi rår til at elevane så langt råd sit saman med klassemedelevar på skulebussen/ferja. Det er ikkje krav til bruk av munnbind i offentleg transport, men det er sjølvsagt ope for personleg vurdering. Vi vil òg vidareformidle helseministaren si oppmodinga om at vi alle er saman med så få som råd utanom skule og jobb.

Vi minner om dei grunnleggande prinsippa for smittevern:

  • Ver heime viss du er sjuk (luftvegssymptom)
  • Ver nøye med handhygiene
  • Hald avstand og unngå fysisk kontakt

Velkommen tilbake til skulen måndag 4. januar.