Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Framsida > Korona 2020 > Plan for skulestart i veke 34

Plan for skulestart i veke 34

Skuleåret 2020/2021 startar måndag 17. august. De finn meir om skulestart på vår eiga side Informasjon om inntak og skulestart 2020/2021.

Kva retningslinjer gjeld for smittevern?

Skulen er i gult nivå for smitteverntiltak etter den nasjonale rettleiaren. Basert på dette har vi oppdatert våre eigne retningslinjer som gjeld for både elevar og tilsette. Elevane vil få opplæring i smittevern.

Kva retningslinjer gjeld for reinhaldet på skulen?

Reinhaldet vil bli utført i samsvar med den den nasjonale rettleiaren.

Kva retningslinjer gjeld for skuleskyssen

Med det gjeldande smittenivået vil skuleskyssen gå med normal kapasitet frå skulestart. Sjå informasjon og retningslinjer utarbeidd av Fram/Møre og Romsdal fylkeskommune.