Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter > Hospitering hausten 2019

Hospitering hausten 2019

Vi ønskjer elevar frå 10. klasse velkomne til hospitering på alle dei fire utdanningsprogramma i veke 46. I tillegg har vi eige hospiteringsopplegg på Stranda skigymnas (toppidrettstilbodet i langrenn) i veke 48.

Vertselevar

  • Vi forsøker så langt som råd å organisere det slik at gjesteelevane blir møtt av vertselevar frå same bygd.

Elevane må ha med seg

  • Matpakke om ein ønskjer meir enn eit måltid i løpet av dagen (kan ev. kjøpast i kantina).
  • Idrettstøy til hallaktivitetar, dvs. innandørs (gjeld elevane som skal hospitere på idrettsfag).

Program

Måndag 11.11 og torsdag 14.11 - Ordinær hospitering på utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, idrettsfag og studiespesialisering

08.30-09.15 1. økt: Velkomst og generell orientering om Stranda vgs (elevane som kjem begge dagane treng ikkje vere med på denne økta torsdagen)

09.15-14.00 2. økt: Aktivitet på kvart av utdanningsprogramma. Vi spanderer lunsj i kantina i løpet av dagen.

Tysdag 26.11 - Hospitering på Stranda skigymnas

Programmet finn du her: http://stranda.vgs.no/Stranda-VGS/Stranda-skigymnas/Tilbod/Hospitering-tysdag-26.11.2019.