Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Nyheiter > Stranda vgs er stengt frå fredag 13.03

Stranda vgs er stengt frå fredag 13.03

Stranda vgs er stengt i to veker frå og med fredag 13.03 til og med torsdag 26.03. I denne perioden vil undervisninga bli gjennomført på digitale plattformer. Elevane får informasjon om det faglege opplegget og kommuniserer med lærarane via Itslearning. Vi ber om at føresette nyttar telefon eller e-post for kommunikasjon med skulen.

Nedanfor følgjer informasjon frå fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal fylkeskommune torsdag 12.03.2020.

Alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal er stengt

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren i dag bestemt å stenge dei vidaregåande skolane i fylket. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og gjeld i to veker. Stenginga er i samsvar med nasjonale retningslinjer.

Skolane er ikkje fysisk stengt, men det vil ikkje verte gjennomført ordinær undervisning i skolebygga og elevar skal ikkje møte opp. Unntaket er elevar ved dei ulike basane for tilpassa opplæring der det etter tett dialog mellom heim og skole vil kunne bli gitt undervisning.

Legg opp til digital undervisning for elevar
All opplæring ved dei vidaregåande skolane vil frå fredag 13. mars verte gitt som heimeundervisning ved hjelp av digitale verktøy. Den enkelte skole vil følgje opp og legge til rette for at dette kan gjennomførast.

Planlegging for gjennomføring
Kompetanse- og næringsdirektøren og kst. fylkesutdanningssjefen har i dag bestemt at alle lærarar skal møte på jobb fredag 13. mars for å planlegge ei forsvarleg og god undervisning for elevane i det som kan verte ei krevjande tid. Dette gjer vi også for å sikre at alle har nok kompetanse i dei digitale verktøya som kan nyttast i undervisninga framover. Fylkesutdanningssjefen presiserer at ein ikkje skal samle fleire enn 15 tilsette i same rom, og at ein ikkje sit for tett saman. Tilsette som ikkje kjenner seg friske og har influensasymptom skal naturleg nok ikkje møte opp på skolen.

I denne situasjonen må vi kollektivt bidra, og strekke oss så langt som mogleg for å legge til rette for at elevar får utføre skolearbeidet heime. Læringstrykket skal haldast oppe slik at elevane ikkje vert skadelidande ved ein eventuell eksamen.

Vidare arbeid framover
Når det gjeld vidare arbeid neste veke må lærarane gjere avtale med sine næraste leiarar om korleis undervisninga reint praktisk skal gjennomførast, anten på skolen eller heimanfrå.  Det er veldig viktig at lærarane opprettar gode kommunikasjonsrutinar med elevane mellom anna for å avtale korleis og når dei skal møtast td. via teams.

Elevane har fått høve til å ta med bøker og PC heim, slik at dei kan gjennomføre heimeundervisning. Det kan likevel vere elevar som manglar naudsynt opplæringsmateriell, og det bør leggast til rette for at dei skal kunne ta kontakt med skolen for om mogleg å få komme innom for å hente bøker. Skolane må då ta naudsynte omsyn og avgrense smittefare.

Ikkje karantene
Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket med heimeundervisning blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.

Alle tilsette pliktar å halde seg dagleg orientert om utviklinga koronasituasjonen og eventuelt endring av tiltak frå arbeidsgivar, både på intranett, e-post og gjennom media.

Sjå elles instruks frå utdanningsdirektoratet