Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Friluftsliv

Friluftsliv har tradisjonelt vore ein del av måten å leve på i Noreg, og er ein sentral del av den nasjonale kulturen.

Stranda ligg midt i smørauget for friluftsliv, med både tindar, vidder, storhavet og fjordane innanfor ganske kort reiseavstand.

Ved Stranda vgs kan du velje friluftsliv som eitt av dei valfrie programfaga på idrettsfag og studiespesialisering. Faget er inndelt i Friluftsliv 1 og Friluftsliv 2, og kan dermed veljast i to av åra.

Friluftsliv er eit 5-timarsfag, og mykje av tida går til å vere ute på tur. Vi er på overnattingsturar i fjellet, både sommar og vinter, og ved sjøen i kajakk. I tillegg har vi dagsturar og opplevingar som klatring, elvepadling og toppturar.

Vi har også teoriundervisning knytt til basisferdigheiter, naturkunnskap og veiledning (Friluftsliv 2).