Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Stranda VGS > Utdanningstilbod > Restaurant- og matfag > Om restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag

Stranda vidaregåande skule tilbyr opplæring i Vg1 restaurant- og matfag og alle spesialiseringane innan Vg2 kokk- og servitørfag og Vg2 matfag. Dette er ei praktisk utdanning og delar av opplæringa blir gjennomført i ei av våre samarbeidsbedrifter allereie frå første skuleåret.

 

 

Etter 2 år på skule og 2 år som lærling tek du fagprøve og får fagbrev. Utdannninga kvalifiserer deg til yrke i hotell- og restaurantnæringa og i matbedrifter.

Skulen har moderne produksjonslokale og storkjøkken for utvikling og framstilling av produkt og måltid basert på eit stort mangfald av råvarer. Vi har òg eigen butikk kor elevane sel ein del av dei produkta dei lagar.

Alle elevane på Stranda vgs får tilbod om å delta i internasjonale utvekslingsprogram og innan restaurant- og matfag har skulen eit samarbeid med ein skule i Kalmar i Sverige. I samarbeid med spekematbedrifta Grilstad vil skulen tilby elevar å reise til Parma i Italia for å sjå og lære av spekeskinkeprodusentane der.

Elevane på restaurant- og matfag samarbeider med entreprenørskapselevane på studiespesialisering i tverrfaglege ungdomsbedrifter som utviklar, produserer og sel ulike matprodukt og -rettar.

Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse og slik kvalifisere deg til studium på høgskulenivå i t.d. matteknologi, ernæringsfysiologi, hotelleiing, sal og du kan utvikle kompetanse og kunnskap i samarbeid med bedriftene etter fagbrev.