Rådgivartenesta

Karin Loe - rådgivar ved Stranga vgs

- karin.loe@mrfylke.no

- tlf. 70268683 / 94175420

Du finn rådgivarkontoret i 1. etasje (resepsjonen). Kontoret er ope kvar dag, sjå oppslag på basisrommet når rådgivar har kontortid. Dersom du treng å snakke med meg utanom desse tidene, kontakt Randi, Rigmor eller Hildegunn i resepsjonen.

Retten til nødvendig rådgiving:
Opplæringslova (§22) slår fast at eleven har rett til to ulike former for nødvendig rådgiving, sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving:

Sosialpedagogisk rådgiving:
Den enkelte eleven har rett til å få nødvendig rådgiving, oppfølging og hjelp med å finne seg rette under opplæringa. Ved behov kan eleven få hjelp til mellom anna å:

  • kartlegge problem og omfanget av desse
  • kartlegge kva skolen kan bidra med, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skolen
  • finne dei rette hjelpeinstansane og formidle kontakt med desse.

Utdannings- og yrkesrådgiving:
Den enkelte eleven har rett til å få rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Den enkelte eleven skal få informasjon om utdanning, yrke og arbeidsmarknad:

  • rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
  • informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • informasjon om utdanningsmoglegheiter i Noreg og andre land
  • informasjon og bruk av rettleiingsverktøy
  • informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar

Utdannings- og yrkesrådgiving er eit samarbeid mellom ulike personar og instansar på skolen, som rådgivar, kontaktlærar, faglærar og eksterne samarbeidspartnarar (andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv….) Rådgivningen kan være både individuell og gruppevis.


Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.