Handballgruppa på trenings- og studietur til Nordstrand/Oslo

Publisert 10. november 2009 17:37:27 av Jon Hjortdal
Handballelevane var 22-25. oktober saman med lærar Stein Øyvind Magnell i Oslo for å trene med Jenter Elite-gruppa til Nordstrand IF - det beste laget i Noreg på jentesida i årsklassene J-16, J-18 og J-20 førre sesong.

Strandajentene fekk to økter med Nordstrandspelarane, i tillegg til at dei så to kampar, ein med jenter 18 laget og ein eliteseriekamp med damelaget til Nordstrand. Dei 6 Strandaspelarane, som til dagleg spelar for Stranda sine J-16 og damelag, fekk oppleve ei heilt anna handballverd, med eit nivå skyhøgt over det dei møter i den heimlege serien. I tillegg var dei på omvising på Norges Idrettshøgskole, og kunne sjå lærestaden mange toppidrettsutøvarar og topptrenarar har fått si utdanning. Turen var ei nyttig erfaring for jentene, og alle kom heim med stor motivasjon til å trene enda meir og setje seg høgare mål. Så får tida vise om dei lovande ungjentene kan korte inn forspranget til dei beste spelarane i Norge til neste treningssamling på Nordstrand.

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as