Verdsarvguidar

Publisert 11. juni 2009 08:50:04 av Eivind Busengdal
Tre elevar ved skulen fekk sist veke status som natur- og kulturformidlarar i verdsarvområdet. Dei har i to år hatt friluftsliv som fag ved skulen, og siste året har dei som ein del av dette faget spesialisert seg på verdsarvområdet.

Friluftslivgruppa ved skulen reiste førre veke med ein av skulen sine trerøringar innover Sunnylvsfjorden. Veret var ikkje det beste, men ingen klaga då vi fekk fin seglvind og slapp å ro. Vi overnatta først ved Ljøkaia og sidan ved Fjordsenteret i Geiranger, og torsdag var det eksamenstur for elevane.

Dei tre elevane, Siril Jelle, Karoline Ringdal Hjelset og Helge Tryggestad, delte på å guide ein tur i frå Skagehola og opp til Skageflå. Med som turistar var resten av friluftslivgruppa, og som eksaminatorar var både friluftslivlærarar og lærarar som er med i verdsarvprosjektet til skulen. Som ekstern sensor var Christina Måseidvåg, guideutviklar ved Fjordsenteret, med.

Alle tre gjorde ein flott jobb og fekk svært god tilbakemelding på gjennomføringa. Siril guida gruppa frå sjøen og opp, Karoline tok med seg turistane rundt i tunet på Skageflå og Helge fortalde om fjorden, gardane og området.

Dette er første gong skulen og verdsarvorganisasjonen har lagt til rette for denne sertifiseringa, og forhåpentlegvis vil det bli bruk for desse spreke ungdommane som guidar. Viss alt går etter planen, blir dette ei fast ordning, og andreårselevar på friluftsliv vil få høve til å ta denne sertifiseringa i tillegg til dei ordinære faga ved skulen.

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as