Vg1 Restaurant og matfag på meieribesøk

Publisert 20. november 2009 10:02:18 av Jon Hjortdal
Dei 12 elevane på Vg1 Restaurant og matfag var på besøk hos Sunnmøre meieri i Ålesund sist fredag.

Elevane fekk omvisning frå tidlegare elevar på matfag, som i dag har fagbrev og jobbar som fagoperatør på meieriet. Dei fekk sjå og høyre mykje spennande om UHT og produksjonsprosessar, og korleis sjokoladepudding blei laga. Dei fekk og lære litt om korleis dei jobbar på laboratoriet. Besøket blei avslutta med ein liten matbit, og lovnader om at elevane kunne få hospitere der på nyåret.

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as