Idrettsfag

Studiekompetanse med fordjuping i idrettsfag

Går du idrettsfag får du generell studiekompetanse akkurat som på studiespesialisering. Einaste unntaka er i dei tilfella vidare studiar krev at du har spesiell studiekompetanse. I dei fleste tilfella inneber dette krav til fordjuping i eitt eller fleire realfag (matematikk/biologi/fysikk/kjemi). På idrettsfag kan du få fordjuping i matematikk (R1 og R2).

Innhald
Dei felles allmenne faga er dei same som på studiespesialisering. På Vg2 og Vg3 tek du fordjuping i idrettsfag i staden for fordjuping i til dømes språkfag eller realfag. Fag fordeler seg slik over tre år:

Obligatoriske fag:

Programfag til val:

Verdsarvidrett
Stranda vidaregåande skule er verdsarvskule. For elevane på idrettsfag har dette spesielt aktuelitet for dei som tek friluftsliv som programfag. Desse elevane kan få ei sertifisering som guidar i Verdsarvområdet (Geiranger, Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden)

Skigymnas
Stranda vidaregåande skule har status som skigymnas. For dei som vil satse i Noregstoppen i langrenn eller i alpint, er dette eit heilt unikt tilbod. Sjå eiga fane om Skigymnaset for meir informasjon.

Er du ein aktiv og livsglad ungdom som ønskjer deg studiekompetanse og som samstundes likar friluftsliv og idrett, då er idrettslina nettopp noko for deg.

Alle som er interesserte i idrettsfag og friluftsliv er velkomne som søkjarar hos oss. Du må og gjerne ta kontakt med skulen for å få meir informasjon, og for eventuelt å gjere avtale om besøk.

Sjå forøvrig meir om programområdet Idrettsfag og dei aktuelle programfaga i presentasjonen under.

Presentasjon (pdf)

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.