Programfaget teknikk og industriell produksjon er felles basis for mange yrker med arbeidsplasser i store og små industribedrifter, på skip, i installasjoner for produksjon av olje og gass, i store og små verksteder og på alle typer kjøretøy og anleggsmaskiner.
Få yrke har gått gjennom større endringar enn yrka innan dei tekniske og industrielle næringane. Både dagens og morgondagens industri og næringsliv er prega av automatiserte prosesser og er i kontinuerlig utvikling og endring. Eit konkurransedyktig og globalisert næringsliv krev medarbeidarar med høg kompetanse og evne til omstilling. Yrka endrar seg, skilla mellom bransjane er ikkje lenger så tydelege, og stadig fleire arbeider i multinasjonale selskap der det også er krav til språkkompetanse. Mange yrkesgrupper arbeider saman for å oppnå resultat, noko som krev evne til samarbeid og kjennskap til fleire fagområde.
Opplæringa gir grunnleggande og enkel trening i alle delar av ein produksjonsprosess og prøver å gi eleven fagleg innsikt, refleksjon og kritisk vurderingsevne. Alt på Vg1 møter eleven fleire av krava samfunnet stiller til profesjonell yrkesutøving, men på eit eit slikt nivå at krav til kunnskapar, ferdigheiter, holdningar og sjølvstende er tilpassa den enkelte eleven sine interesser og behov.
Hovudområda i opplæringa på vidaregåande trinn 1 er utarbeidd med bakgrunn i felleselement i kompetanseplattformene for lærefaga i utdanningsprogrammet.
Hovudområdet produksjon og tekniske tenester dekker sentrale ferdigheiter og kunnskapar knytt til planlegging av arbeidet, bruk av verktøy og måleinstrument, overvaking og drifting av manuelle og automatiserte prosessar, materialkunnskap og dokumentasjon. Integrert i alt arbeid er tryggleik, kvalitet og internkontroll.
Hovudområdet dokumentasjonsarbeid tek føre seg teikningar, skjema, prosedyrar og standardar. Samtalar går inn som ein viktig del av dokumentasjonsarbeidet for å sikre felles forståing av kva krav ein legg til arbeidsoppgavene og vurdering av resultata. Arbeid innan kvalitetssystem inneber og registrering og avviksrapportering.
Hovudområdet industri, verkstad og tekniske tenester set fokus på kjennskap til dei ulike yrka og arbeidsmiljøa sitt særpreg. Yrka stiller ulike krav til tekniske ferdigheiter, abstrakt tenking, kundekontakt, sjølvstende, samarbeidsevne, språkkompetanse, fysikk og evne til å vere presis. Arbeidsmiljøa inneber at yrkesvala og er eit val av livsstil.
På Stranda vidaregåande skule vert den praktiske opplæringa gjennomført i inudstriverksemder i nærmiljøet, medan den teoretiske opplæringa går føre seg på skulen.