Då Geirangerfjorden og området rundt kom på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Vestnorsk fjordlandskap, fekk skulen eit nytt ansvar, å bevisstgjere ungdommen på det ansvaret vi alle har for verdsarven.

Målet med skulens sitt verdsarvprosjekt er at ungdom skal få kunnskap om og å lære å setje pris på den rikdommen som ligg i vårt eige verdsarvområde. Dette for at dei skal kunne vere med på å ta dei rette avgjerdene for ei berekraftig utvikling av dei uerstattelege naturressursane vi har fått i oppgåve å forvalte.

Skulen samarbeider med Norsk fjordsenter i Geiranger.


Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.