Frå skuleåret 2005-2006 har alle elevar på grunnkurs allmennfag og idrettsfag sine eigne berbare PC'ar. I løpet av ein periode på tre år vil ordninga vere innført for alle elevar på skulen.
Då elevane på grunnkurs allmennfag og idrettsfag byrja ved skulen no i haust fekk dei tilbod om å leige maskiner på skulen. Svært mange elevar tok i mot dette tilbodet. I tillegg er det ein del elevar som stiller med eigne maskiner.
Dei mange maskinene på skulen representerer store verdiar, og for at elevane skal føle seg trygge for maskinene sine, har skulen kjøpt inn og montert låsbare stålbokser som maskinene kan oppbevarast i når elevane ikkje bruker dei. Stålboksane er monterte på elevane sine arbeidspultar, og når elevane går frå arbeidsplassen plasserer dei maskinene i boksen og låser.
Skulen har kjøpt 100 slike boksar, og tek no sikte på å kjøpe inn endå fleire slik at elevar frå dei andre linene som og har maskiner kan sikre dei medan dei er på skulen. Skulen har som mål at elevane som går her skal vere trygge for dei verdiane dei tek med seg på skulen.