Bruksbåtane frå Storfjorden som skulen har disponert dei siste åra har hatt behov for vedlikehald. I vinterhalvåret er det lite bruk av båtane, og skulen valde difor å sende båtane til Bjørkedalen for vedlikehald og opprusting.
I midten av oktober vart båtane lasta opp på ein kranbil frå Busengdal transport og frakta til Bjørkedalen. Vel framme vart dei lasta av og plassert i verkstaden. No står vinterarbeidet for døra, og då reknar vi med at skulen får båtar som er i god stand til vi skal ta dei i bruk på vårparten i 2007. Då skal elevane på skulen få prøve seg på både å ro og segle inne i Storfjorden.