Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Eksotisk besøk

Eksotisk besøk

På ein kald desemberdag fekk Stranda vidaregåande skule besøk av ein flokk ungdommar frå Malaysia. Stranda var første besøksstaden i Lions Youth Exchange Programme.

Onsdag 12. desember fekk skulen vår besøk av ein fin flokk ungdommar frå Malaysia. Ungdommane kom til Norge på sundag, og Stranda var det første staden dei besøkte i Norge. Elevane på Stranda vgs fekk glede av å ha dei på besøk i fleire skuletimar, og erfaringar om korleis det er å vere ungdom i Noreg og Malaysia vart utveksla.

I løpet av besøket på Stranda har ungdommane besøkt fleire ulike bedrifter, og dei hadde alt lært å seie "Laks", men "røykalaks" fall litt tungt.

Dei skal vere ein månad i Norge, men kvar turen går frå Stranda visste dei ikkje heilt. Ungdommane hadde hatt nokre fine dagar i Norge, og dei gledde seg til det vidare opphaldet.

Vi ønskjer dei lykke til med det vidare opphaldet i Norge.