Fire elevar frå Ørskog vidaregåande skule, Jonas Rambjør, Karoline Iversen, Marte Kristin Helle og Cecilie Olsvik, var fredag 7. desember på besøk på Stranda vidaregåande skule. Saman med læraren sin fekk dei prøve seg på å lage tradisjonell julemør.
Ein dag i produksjonsavdelinga på Stranda vidaregåande skule sikra desse elevane god julepølse til julematen. Dei fekk innblikk i tradisjonelle oppskrifter på julematprodukt, og fekk også prøve seg i butikken.
Det var stor steming blant elevane då vi var der og tok bilete.