Tysdag 15. november reiste elevane i samfunnskunnskap til Bergen med buss frå Stranda. Etter ei strabasiøs reise der dei mellom anna måtte vente 3 timar i snøveret i Romarheim grunna ein trailar som hadde køyrt seg fast, kom elevane til hotellet ut på natta.
Dei stilte likevel friske og opplagde onsdagsmorgonen på ein konferanse om norsk tryggingspolitikk. Det var organisasjonen Folk og forsvar som arrangerte ein konferanse om dette temaet for elevar i vidaregåande skule. Heile onsdag var avsett til denne konferansen.
Torsdag gjekk med til besøk i FN-sambandet, Samfunnsvitskapeleg fakultet og Institutt for samanliknande politikk ved Universistetet i Bergen og meiningsmålingsinstituttet Norsk Respons AS. I FN-sambandet fekk elevane ei innføring i menneskerettsproblematikk og ei innføring i FN si rolle i det internasjonale samfunnet. På Universitetet i Bergen fekk elevane ei orientering om ulike studier ved universitetet og korleis dei ulike studiane er organiserte.
Torsdagen vart avslutta med eit besøk i Norsk Respons AS. Etter ei innføring i metode og gjennomføring av ulike typar opinionsundersøkingar fekk elevane prøve seg som intervjuarar. Dei fekk høve til å ringe opp venner eller familie og gjennomføre eit intervju på telefon.
Turen vert avslutta på fredag med eit besøk i mediehuset Bergens Tidende.