Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Elevbesøk i Bergens Tidende

Elevbesøk i Bergens Tidende

Ruben og Hanna er konsentrerte journalistar
Fredag 18. november var elevar i samfunnskunnskap - 3sk - på besøk i mediehuset Bergens Tidende. Elevane fekk først ei innføring i dei medieaktivitetane Bergens Tidende driv, det vere seg avis, radio, TV og Internett. Etter denne innføringa fekk elevane arbeide med nyhendesaker i avisa sin virtuelle og interaktive redaksjon, mediateket.

Siste post på turen til Bergen for elevane frå Stranda vidaregåande skule var besøk i Bergens Tidende. Vi vart tatt i mot av ein journalist i avisa. Ho var frå Volda og dermed snakka alle same språket.

Ho orienterte fyrst om mediehuset Bergens Tidende og fortalde om dei aktivitetane dei driv. I mediehuset i Krinkelkroken driv dei med avis, radio, TV-Hordaland og Internettavis. Bergens Tidende er den største mediebedrifta utanfor Oslo.

Etter den generelle orienteringa om medieverksemda fekk elevane i oppgåve å vere journalist for ein dag. Saman med nokre elevar frå Rotthaugen ungdomsskule vart dei delt inn i grupper som skulle arbeide med ulike nyhendesaker. Bergens Tidende har bygd opp ein virtuell og interaktiv redaksjon til dette føremålet.

Då elevane kom inn i den virtuelle redaksjonen vart dei plasserte ved fire ulike arbeidsstasjonar. Her fekk dei utdelt kvar si nyhendesak som dei skulle arbeide fram. Ei av gruppene fekk ei miljøsak, ei anna gruppe ei kriminalsak, den tredje gruppa ei kultursak og den fjerde gruppa ei sportssak.

I medieteket der arbeidet gjekk føre seg var det i tillegg til den virtuelle redaksjonen også virtuelle møtestader der journalistane skulle møte ulike personar som hadde opplysningar i sakene, eller der dei kunne finne andre opplysningar. Døme på slike møtestadar var kafeen, eit gatehjørne eller den staden der hendinga hadde skjedd.

Journalistane for ein dag arbeidde med stor iver med dei ulike sakene. Samstundes opplevde alle at livet som journalist nok er både hektisk og fullt av avbrot i det arbeidet ein held på med.

Rett før journaslistane var ferdige med sakene vart det utløyst katastrofealarm. Journalistane fekk vite at eit helikopter hadde styrta i Nordsjøen og eit ukjent antal personar hadd omkome. Kvar gruppe fekk no 20 minutt til å utarbeide ein reportasje om hendinga.

Etter 20 hektiske minutt hadde gruppene kvar si reportasjeside klar. At ikkje alle hadde greidd å få fram det rette talet på omkomne, og at ei gruppe skreiv at grunnen til ulykka var ein berusa pilot og derfor vart klaga inn for Pressens Faglege Utval, viste utfordringane journalistane står overfor. Kjeldekritikk og eit auge til Ver Varsom-plakaten bør vere i tankane til alle journalistar.

For elevane frå vår skule var dette ei spennande oppleving, og kanskje blir nokre av dei å finne i eitt eller anna mediehus i framtida?