Fredag 28. januar hadde elevane på Stranda vidaregåande skule fagdag. Teikning, form og farge var eitt av faga som hadde fått avsett heile dagen til arbeid med sitt fag.
Då vi var innom var elevane ivrig opptekne med å gjere ferdig maleria som dei hadde arbeidd med denne dagen. Elevane hadde utan tvil brukt tida godt, og det var mange fine resultat å vise fram. Om det var nokon store kunstnartalent som viste seg fram er meir usikkert, men alle hadde det tydelegvis triveleg.
På skulen vår løyser vi opp timeplanen og gjennomfører med jamne mellomrom fagdagar. I løpet av året har kvart fag eit antal fagdagar som tilsvarar timetalet faget har i veka. Ved å bruke ein heil dag på eitt fag kan vi på ein betre måte gjennomføre større og meir tidkrevande opplegg.
Denne fredag var det ei rekkje ulike fag som hadde fagdag, mellom anna kroppsøving, geografi og språkfag. Media valfag var på reise for å besøke medialina på Høgskulen i Volda.