Onsdag i første skuleveka var elevar og lærarar ved skulen på uflukter i område i indre fjordstrøk. Nesten 100 elevar på og 9 lærarar på skulen si idrettsline gjekk i frå Svartevatnet på Strandafjellet, over toppen på Roaldshornet (1230 m.o.h.) og tilbake til skulen igjen.
Dei starta turen i skodde og duskregn,og mange var det nok som hadde mest lyst til å bli heime. Men som så ofte ellers når ein legg ut på tur, veret betrar seg. I 850 meters høgde møtte dei blå himmel og sol!
Dei såg utover eit skoddehav som låg tett over heile Sunnmøre, frå innst i fjordane til ytst i havet! Elevar og lærarar hadde ei fantastisk utsikt over fjelltoppane som stakk opp av skoddehavet.
Det vart mange som nytta den fine dagen på "taket av Sunnmøre" til å slikke velfortente, varmande solstrålar.