Fjordamør smaker godt og mykje !
Elevar ved Kjøttfaglinja ved Stranda vgs produserer dette nye produktet .Den nye "verdsarvmøren " er laga av malt svinekjøtt, salt, krydder og løk.
Delikat produkt !
Ein har valt å ikkje bruke tilsetjingsstoff, så møren passar difor godt til dei som ikkje toler gluten og stive. Råstoffet til denne nye "verdsarvmøren" kjem frå den lokale leverandøren Ole Ringdal A/S på Hellesylt.
Dette nye produktet kan ein kjøpe i kjøttbutikken ved Stranda vgs. Fjordamøren vert seld frosen og i pakningar på 400 - 600 gram.På sikt håpar ein å få dette nye "verdsarvproduktet" ut i butikkane i nærområdet.
Stikk innom da vel !