Dag 1
Haustturen til friluftsliv-gruppa starta ettermiddagen onsdag 05. November. Då minibussen var lasta med tursekkar av type 60,70 og 80 liter, bar det av stad til Geiranger for første overnatting. To ferger, fem tunnelar, og mange svingar seinare, kom vi til Grande camping. Her fekk vi rigge oss opp med lavo og telt på ei mark som faktisk lyste av frost. Sjølv om det forlengst hadde blitt skymt, og gradene kraup ned mot null, kom telt og lavvo kjapt på plass. Hodelykt var sjølvsagt ein viktig ingrediens.
Det varte ikkje lenge før det rumla i magen, og matlysta var stor. Under den klare stjerne- himmel fyrte vi opp stormkjøkken, og miksa og fiksa. Taco var målet til mat-gruppa mi, noko som smakte nydeleg ute i det fri.
Etterkvart som kvelden seig på, vart lavoen plass for både forteljingar og historier. Dei var det lærarane som sørgde for. Blant det som vart fortalt, var fakta og forteljingar frå Skageflå, om til dømes korleis det var å leve på ein bratt fjellgard høgt over fjorden. Men ikkje nok med det, historier med eit litt skumlare preg vart òg servert. Desse «spøkjelseshistoriene» skulle vise seg å skape stor ståhei og liv i leiren.
Dag 2
Då vi stakk hovudet ut av lavoen, fordi natta hadde vorte til torsdag morgon, blei vi møtt av eit strålande vêr. Blå himmel med sol skapte ein lys og fin start på dagen. Etter eit godt påfyll av energilageret, hoppa vi i minibussen og køyrde til Homlong. Bussen blei parkert og her starta turen til fots. Det gjekk i grunn radigt oppover, med nødvendige drikkepausar. Idet høgdemeterane auka, vart utsikta betre og betre og Geirangerfjorden låg langt der nede, blank og flott.
Etter Homlongsetra, halla terrenget meir nedover, og vi var ferdig med å traske i motbakke, for denne dagen. Vi stoppa ved eit utsiktspunkt, kor Skageflå var å oppdage langt der nede i fjellsida. Ned, ned og ned bar det. Knea fekk kjenne sitt, men det gjekk seg til!
Dersom fenomenet høgdeskrekk prøvde å snike seg inn, var det berre å skyve det vekk. Somme var meir ivrige enn andre på å kome fram, men totaltida frå Homlong vart ca 3 timar.
Etter ein pust i bakken, var det tid for litt «omvising» i hus og løe på Skageflå. Vi gjekk oss ei runde og kika. Ein gammal utsliten sko tilknytte seg nok fakta om både livet og levekåra på Skageflå. Det blir noko heilt anna med vårt bruk-og-kast samfunn.
Etter vår vandring «tilbake i tida», var det på tide å få opp lavoen. Då kom forslaget frå ein av lærarane om å sove i løa, og forslaget blei godt motteke. Liggjeunderlag og soveposar tok plass på løe-golvet. Middag og bålkos var neste prioritet, og etterkvart vart bålet eit midtpunkt, omringa og påpassa av heile flokken. Vêret var enda på vår side, og droppa å sende kald vind og regn. Det vart natt. Vi kraup ned i varme soveposar.
Dag 3
Vi måtte svinge oss rundt tidleg, med mat og nedpakking. Turen ned att til Homlong gjekk raskt, og snart var vi på hjula på veg heim.
Fleire bilete:Albumet vårt