Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Friluftslivgruppa på vintertur

Friluftslivgruppa på vintertur

I veka før vinterferien var gjengen på friluftsliv 1 og 2 på vintertur. Det var dei tre elevane på friluftsliv 2 som hadde ansvar for det meste på denne turen - men veret fekk dei ikkje gjort noko med.

Turen gjekk frå Løsetsætra i Sykkylven, over ryggen til Sandvikhornet og fram til Løsetskaret. Derfrå gjekk vi vidare til Vassætra.

Overnattingane skulle eigentleg gå føre seg i snøhole, men grunna lite og svært kompakt snø, måtte vi ty til telta. Første natta låg vi ovanfor Løsetvatnet etter å ha slått opp telt i mørknet. Den andre dagen gjekk vi til Løsetskaret der vi prøvde å få til snøhole utan å lukkast. Vi hadde likevel ei overnatting der, i telt.

Den tredje natta var dei fleste ganske våte, og når det vart lokka med ei hytteovernatting på Vassætra som avslutning på turen var det ingen som nekta.

Sjå bilete frå turen vår her: http://picasaweb.google.no/