Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Friluftslivklassa på snøholetur

Friluftslivklassa på snøholetur

Søndag den 02. mars reiste friluftslivklassa til Kilstisætra i Eidsdalen for å overnatte ute i snøen. Det vart fire innhaldsrike dagar med mykje ver!
Det kom 100cm nysnø på to dagar men også ein dag med strålande solskin.
Sjå bileta frå turen her.

Matlaging i fineveret utanfor hola.

Utsikt mot Grøtet

Det var for lite snø til å grave vanlege snøholer. Det måtte difor lagast oppkasthaugar som holene etterpå kunne gravast ut av.

På tur til Kilstiheia i fineveret på måndagen.

Tørking av vått utstyr.

Latrina (utedassen) vår.

Utsikt frå Kilstiheia. Stranda til vestre i biletet.

Dag Erik "Panzer" i fin stil.

Etter å ha varma opp framsida av kroppen rundt bålet, var turen komen til baksida...

Graving av snøprofil og glideblokk i over ein meter med nysnø.

Lærarane valgte å bo i telt. Ikkje den beste løysinga med så mykje snø.

Ivrine og Dag Erik lagar mat i snødrevet.

Tillaging av eit falskt skred. Mykje graving til ingen nytte då alt fauk att på kort tid.

Frøydis med paraply på snøholetur.

Riving av holer før avreise. Solveig poserar.

Dag Erik klar for avreise.

Under denne oppakkinga går Dag Erik.

Etter å ha gravd fram bussen var det klart for heimreise.