Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Friluftslivklassa på topptur

Friluftslivklassa på topptur

Onsdag 7. til fredag 9. var friluftslivgruppa på tur igjen. Målet var å få eit par toppturar før snøen forsvann heilt, og det gjekk bra!

Utgangspunktet var Røvsdalen ved Fjellsetra der vi slo opp to lavvoar. Veret var så bra at lavvoane var unødvendige, og dei fleste overnatta under open himmel. Kvelden gjekk med til bålkos, og det viste seg også at leiren låg like ved ein spelplass for orrfugl. Torsdagen var gjengen på Aurdalsnibba (1126 m.o.h.), og fredag gjekk vi til Auskjeret (1202 m.o.h.). Fredag var det strålande sol og vindstille så det gjekk med ein del solkrem! Sjå bileta frå turen her!