Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Grillfest i strålande ver

Grillfest i strålande ver

Første skuleveka vart avslutta med grillfest i strålande ver fredag 18. august. På plenen utanfor skulen var det sett opp grillar og partytelt, og elevar og lærarar kosa seg med grillmat i det fine veret.

Dei to første skuledagane i skuleåret 2006/2007 er over. Tilspassinga til nytt skuleår er slutt, og måndag 21. august startar det opp med ordinær timeplan.

Men dei to første skuledagane i den første veka vart avslutta med grillfest i strålande ver på plenen utanfor skulen. Vaktmeister Nils og andre frå skulen sitt personale hadde sett opp partytelt og grillar, og då elevar og lærarar kom ut kl. 13:00 var det god varme på grillane. Hamburgarar, pølser og salat fekk kvar enkelt det ein kunne stappe i seg av.

Stemninga på plenen var god, og elevar og lærarar uttrykte store forventningar for det komande skuleåret. Dersom framhaldet blir slik som starten så ser det i alle fall fint ut.