Deltakarane har følgt eit komprimert kurs tilrettelagt for vaksne med elevstatus. Opplæringa har dekka dei yrkesretta faga i utdanninga helsearbeidarfag (dvs. programfaga på Vg2 nivå). Arbeidserfaringa deltakarane har frå helse- og sosialsektoren blei gjennom realkompetansevurdering godkjent som tilsvarande Vg1 Helse- og sosialfag, og med utdanninga dei no har fullført er dei fleste kvalifiserte til å gå opp til fagprøve.
Opplæringa har hatt eit omfang på 250 timar, med ein fast dag per veke og i tillegg 8 laurdagar på skulen i løpet av året. Deltakarane har fått lønn frå arbeidsgivar og opplæringa har vore fullfinansiert frå Møre og Romsdal fylke, dvs. utan kostnader for deltakarane.
Elevstatusen inneber at deltakarane har fått rettleiing og vurdering undervegs og at dei som sluttvurdering har fått både standpunktkarakterar og karakter på tverrfagleg eksamen. Under utdanninga har skulen si digitale læringsplattform, Fronter, vore nytta aktivt, både til innlevering/vurdering av oppgåver og til kommunikasjon med lærarane. Opplæringa har vore knytt til faglege utfordringar den einskilde møter på sin eigen arbeidsplass.
Dei vaksne elevane har nettopp fullført tverrfagleg eksamen med svært gode resultat. Dei har hatt flott fagleg utvikling dette året og karaktergjennomsnitt på 4,3 viser at kurset har vore svært vellykka! Torsdag 11. desember var siste kursdag med innlagt avslutningslunsj på Storfjord kulturhus.
Erfaringane våre er udelt positive, og vi meiner at slik kompetansegivande opplæring for vaksne med elevstatus òg kan vere aktuelt for andre fagområde. Storfjord kompetanse jobbar no med å få i gang eit slikt kurs i Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag, eit tilbod retta mot mellom anna tilsette i barnehagar og SFO.