Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Idrettsfag på Stordalstur

Idrettsfag på Stordalstur

Fredag den 12. desember hadde alle elevane på idrettlinja fagdag i topp- og breiddeidrett. Stordalshallen var leigd, og der kan dei skilte med både klatrevegg, stor trampoline og airtrack.

Elevane fekk ein aktiv dag der dei veksla mellom å prøve klatreferdigheiten i veggen, innøving av nye triks på trampolina med sikkerheitssele rundt livet, eller med volleyball og fotball i hallen.

I tillegg blir ein slik dag ein sosial "happening" der alle klasser og grupper er oppløyste, og ein har tid mellom aktivitetane til å bli betre kjende.