”Programfag til val” er eit nytt fag i ungdomsskulen, og i det inngår ei hospitering på dei utdanningsprogramma elevane ønskjer. SVS har teke imot elevar dei siste to åra. Målet er at elevane med litt meir orientering og erfaring skal gjere eit val som er rett for dei. På ungdomsskulen har rektor, kontaktlærarar og rådgivar ansvaret for opplæringa.
På Stranda vidaregåande skule er Kristbjørg Bjørndal kontaktperson, og i samråd med kontaktlærarar og faglærarar finn ho ut når det høver at elevane kan kome. Det faglege ansvaret for ungdomskuleelevane har faglærarane. Elevane har blitt møtt med stor velvilje og god tilrettelegging åra før, og mange av dei har gitt uttrykk for at dei søkte SVS fordi dei hadde blitt godt mottekne her.
Ungdomsskuleelevane hospiterer i vg1, men det kan vere at somme ønskjer spesielle fag og må få det. Hospiteringa prøver vi å få gjennomført i desember og første del av januar, slik at rådgivar på ungdomsskulen har februar til søknadane. Det er i år tre 10-klasser med 70 elevar på Stranda ungdomsskule, og dei vil kome i grupper på 2 -4. Dei vil få sin eigen timeplan tilpassa klassa der dei skal vere.
Onsdag 7. og torsdag 8. november har Kristbjørg orientering i 10.klassene på Stranda ungdomsskule. Ho orienterer generelt om vidaregåande skule, tilbod og fag i vgs, om Stranda vgs, strandamodellen, ordninga med hospitering etc.