Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Sølv til Stranda vgs i fylkesmeisterskapen i handball!

Sølv til Stranda vgs i fylkesmeisterskapen i handball!

Jentene frå Stranda vgs vann sølv etter strålande innsats i fylkesmeisterskapen i handball i Bratthallen i Kristiansund 10. februar 2010.

Strandajentene møtte Ulsten vgs og Volda vgs i puljespelet, og vann 12 – 7 og 7 – 4 etter strålande spel. I semifinalen møtte Stranda igjen Volda, og vann 9 – 8 etter ein kamp som Stranda leia frå start til det siste minuttet, da Volda utlikna. Men i siste angrepet skåra Stranda på straffe, og var klare for finalespel!

I finalen møtte vi Molde, og litt for stor respekt og slitne bein gjorde at Molde leia 10 – 4 ved pause. I pausen bestemte Strandajentene seg for å ta i litt ekstra i 2. omgang, og gikk på bana med ny sjølvtillit. Dei tok rakst innpå 3 mål, men kom aldri nærmare. Molde vann fortjent 18 – 14, men Strandajentene skal ha ros for ein flott og spennande 2. omgang!

Kjempeinnsats av alle, og god stemning og oppbacking frå dei som sat på benk! Fantastisk spel i 3-2-1-forsvar i 3 kampar, men det blei litt for tøft i finalen. Keeper Ida Iversen stod svært godt i mål, og i angrep var Hege Løken i periodar i landslagsklasse og toppskårar.

Marte Hansen og Marit Furset dømte bra i det innleiande puljespillet.

Glade sølvvinnarar!!!

Bak frå venstre: Andrine Mathiesen, Marte Hansen, Elin Magnell, Hege Løken, Malin Riise, Marte Slettebak, Gina Lersveen, Rikke Helen Relling.
Framme frå venstre Henriette Lied, Andrea Johnsen, Ida Iversen, Susann Sørheim.