Publisert 18. juni 2008 12:07:25 av Eivind Busengdal
Onsdag den 18. juni var det avslutning for elevar og lærarar.
Dagen starta med samling i basisgruppene. Vidare var det møte i Aulaen der vi fekk både talar og musikalske innslag frå både elevar og lærarar. Før elevane reiste kvar til sitt vart det servert velsmakande grillmat utanfor skulen.