Under tilstellinga på Hellesylt laurdag 10. og sundag 11. juni under verdsarvarrangementet der var Stranda vidaregåande skule med. Alt laurdag stilte elevar frå matfag opp saman med sine lærarar og serverte grillmat til travle publikummarar. Det var ikkje få smakebitar som gjekk i svoltne munnar den dagen. Før kvelden var omme var kjøtlagra tomme, og det måtte hentast inn nye forsyningar av grillmat til sundagen. Og i det fine sommarveret på sundag var omsetninga minst like stor som på laurdag. Denne dagen stod elevane og for ei framifrå fiskesuppe som vart servert til publikum før festforestillinga.
På sundag vart aktivitetane frå skulen utvida med ein sunnmørsåttring på fjorden. Sunnmørsåttringen er ein gamal sunnmørsk bruksbåt som vart segla eller rodd. Den har fire par årar som vart rodd av åtte personar. Seglet er eit asymetrisk råsegl med toppbom. Den utgåva av båten hadde skulen lånt av Kystlaget. Tre frå personalet ved skulen henta båten ved Sunnmøre museum fredagen, og med motor brukte ein fire og ein halg time til Stranda.
I løpet av ettermiddagen på sundag var det mange som fekk seg ein runde på fjorden med båten. Det vart gjort forsøk på å segle, men det var nesten vindstille denne dagen, så seglinga gjekk tregt. Men alle fekk i alle fall erfare korleis det er å vere under segl på ein sunnmøråttring.
På måndag tok heile skulen laus og reiste til Geiranger for å vere med på offisielle opninga av verdsarvområdet. I Geiranger fekk elevane besøke fjordsenteret før dei var med på verdsarvopninga på Vinjevollen. Her deltok og ei gruppe elevar frå skulen med eit danseopptrinn som illustrerte gamle arbeidsrutiner i gardsarbeidet i fjordbygdene.
Elevar og tilsette ved skulen hadde fine opplevingar under desse dagane, og vi ser fram til å arbeide meir med verdsarven dei komande åra.