Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Stranda vidaregåande skule tatt opp i ASPnet

Stranda vidaregåande skule tatt opp i ASPnet

Vi markerer i dag at Stranda vidaregåande skule er tatt opp i ASPnet (Associated schools network) som er UNESCO sitt organ for skular som arbeider med internasjonale spørsmål.

Det er skulen sitt prosjekt "Verdsarvprogrammet" som gjer at skulen nå har fått denne statusen. Godkjenninga skjer i UNESCO i Paris. Skulen har i dag besøk av Svein Kyrre Hamnes frå UNESCO-Norge. Elevane får foredrag i dag, på FN-dagen, både av Hamnes og representant for verdsarvprosjektet Katrin Blomvik frå Geiranger. Elles er ordføraren til stades og helsar.

ASPnet skulane skal arbeide for internasjonal forståing, respekt for menneskerettar, bærekaftig utvikling og interkulturell dialog. Det er særleg i samband med interkulturell dialog at dei skulane som jobbar med verdsarven har hovudfokus. "World heritage in young hands" kallast dette arbeidet.