Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Stranda vidaregåande skule utviklar verdsarvprogram

Stranda vidaregåande skule utviklar verdsarvprogram

Vestnorsk fjordlandskap kom i 2005 med på UNESCO si verdsarvliste. Geirangerfjorden, den eine av dei to fjordane som er med, ligg i inntaksregionen til Stranda vidaregåande skule. Stranda vidaregåande skule søkjer nå om å få midlar til å skape eit utdanningstilbod som kan gje ungdomen forståing for dei nye utviklingsmoglegheitene i regionen, vekkje interesse for nyskaping innafor det lokale næringslivet og medvit om lokal identitet. Vidare ser vi at verdsarvstatusen kan gjere det mogleg å utvikle spanande internasjonale skuleprosjekt.

Det var sommaren 2005 av UNESCO sin verdsarvkomite avgjorde at Geiranger- og Nærøyfjorden er ein del av verdensarven. For første gong kom ein del av norsk natur på denne prestisjetunge lista.

I godt selskap

Det vestnorske fjordlandskapet kom med dette i selskap med mellom anna pyramidene i Egypt, viktoriafalla i Afrika, Den kinesiske muren og Grand Canyon i USA.

I grunngjevinga peika Verdsarvkomiteen mellom anna på at Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vert rekna mellom dei finaste fjorlandskaper i verda.

Du kan lese heile søknaden under aktivitetar.