Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Toppidrettstilbod i alpint med merittert trenar frå neste skuleår

Toppidrettstilbod i alpint med merittert trenar frå neste skuleår

Erik Skaslien
Stranda vidaregåande skule og Møre og Romsdal skikrets kan med glede informere om at vi endeleg har fått på plass toppidrettstilbod med ein svært merittert trenar i alpint på Stranda, med oppstart skuleåret 2009/2010.

Toppidrettstilbodet i ski, ”Stranda skigymnas”, kom i gang etter initiativ frå eit samla skimiljø i Møre og Romsdal f.o.m. skuleåret 2007/2008. Stranda skigymnas blir drive i tett samarbeid mellom Stranda v.g skule og Møre og Romsdal skikrets. Målet var at vi skulle tilby toppidrettsopplæring i både alpint og langrenn, men på grunn av vanskar med å få tak i kvalifisert trenar i alpint har vi ikkje kome i gang med dette. Før no. Etter nesten to års iherdig innsats har alpinkomiteen endeleg kome i mål!

Erik Skaslien, ein av Noregs mest meritterte alpintrenarar gjennom historia, er tilsett som hovudtrenar ved Stranda skigymnas f.o.m. 01.05.2009. Skaslien har m.a. erfaring som trenar for Noregs World Cup lag på både dame- og herresida. Han var hovudtrenar for damelaget i perioden 1995-2003. I denne perioden fikk norske alpinistar meir enn 30 pallplasseringar i WC og 4 medaljar i VM! Skaslien er i dag trenar ved Oppdal Skigymnas.

Møre og Romsdal vil dei komande 3 åra ha ei rekkje løparar i aldersgruppa som går vidaregåande skule, løparar som i dag er i noregstoppen i aldersbestemte klasser. Skikretsen har sett det som nødvendig å få på plass eit lokalt skigymnas for at desse løparane skal kunne utvikle seg vidare og nå måla sine om å kunne hevde seg i verdstoppen om 5-10 år.

Målsetjinga er at Stranda skigymnas skal bli det beste skigymnaset i Noreg, både skule- og idrettsmessig. Vi ønskjer å skape eit toppidrettsmiljø med tilpassa undervisning som sikrar at utøvarane kan satse 100 % på idretten sin, utan å gå glipp av vidaregåande utdanning. Erfaringane med satsinga på langrenn er så langt svært gode. Førre sesong hevda fleire elevar seg i noregstoppen.

Stranda skigymnas er ei stor satsing frå Stranda v.g. skule og skikretsen. Tilbodet er så langt finansiert med midlar frå Møre og Romsdal fylke, men med satsinga på alpint på eit høgt nivå vil denne finansieringa bli knapp. Den næraste tida vil skikretsen søke samarbeidspartnarar i næringslivet som vil vere med å støtte denne lokale storsatsinga for alpin toppidrett.