Fredag 16. januar hadde skulen besøk av elevar frå Eidsdal skule. Når dei kom til skulen vart dei møtt av avdleingsleiarane på skulen, og dei fekk ei innføring opplæringstilbodet ved Stranda vidaregåande skule.
Deretter vart dei møtt av kjende fjes frå Eidsdal som er elevar på skulen, og dei vart vist rundt på basisromma og arbeidsplassane. Omvisninga gjekk og innom restaurant- og matfag sin opplæringsarena, kjøkkenet og næringsfagbygget.
Besøket på skulen vart avslutta med servering i restaurant Rosen, som er elevane på restaurant- og matfag sin øvingsarena.
Dei siste vekene har vi hatt besøk av elevar frå mange ungdomsskular, og alle har gått gjennom det same programmet som ungdommane frå Eidsdal gjekk gjennom.
Vi som arbeider på Stranda vidaregåande set pris på desse besøka, og tek gjerne i mot besøk frå andre som ikkje har vore her til no. Dersom det er nokon som ønsker å kome på besøk, så kan dei ta kontakt med skulen, så ordnar vi besøk i dei gruppene de gjene vil besøke.