Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Framsida / Verdsarvskule med haustaktivitetar i verdsarvbygd

Verdsarvskule med haustaktivitetar i verdsarvbygd

Stranda vidaregåande skule arrangerer laurdag 29.september, i samarbeid med Fjordsenteret, ein aktivitetsdag i Geiranger. Skulen er med i UNESCO sitt internasjonale skulenettverk, der meir enn 7000 skular i heile verda er med. Nettverket har mange prosjekt, og eitt av desse er ” World Heritage in Young Hands”.

Stranda vidaregåande skule arrangerer laurdag 29.september, i samarbeid med Fjordsenteret, ein aktivitetsdag i Geiranger.

Skulen er med i UNESCO sitt internasjonale skulenettverk, der meir enn 7000 skular i heile verda er med. Nettverket har mange prosjekt, og eitt av desse er ” World Heritage in Young Hands”. Stranda vidaregåande skule arbeider med dette.

På aktivitetsdagen vil lærarar og elevar vise korleis verdsarven er integrert i undervisninga. Dei elevane på idrettsfag som har friluftsliv, kjem med skulen sine tradisjonsbåtar til Geiranger, og vil gi gjestar høve til å ro og segle til Skagehola. Samstudes vil det vere ein fottur frå Homlung til Skageflå, og dei som går den, vil få høve til å segle og ro tilbake til Grande.

Elevar ved yrkesfag vil lage og servere tradisjonsmat ved Fjordsenteret, der idrettsfag også vil arrangere familieaktivitetar, tursti og ”gamle leikar”. Allmennfagelevar vi ta gjestar med på guida tur i Fjordsenteret si utstilling, dei vil vise elevprosjekt i kinosalen og ha utstillingar i foajeen.

Dessutan blir det ein vakker tur langs fjorden frå Grande til Hysket med orientering om naturreservatet.