God skule, eit felles ansvar
Rammeverk for eit godt læringsmiljø ved Stranda vgs
| Leiinga Den administrativt leiinga
- Utviklar ein ryddig, tydelig og effektiv organisasjon, m.a. ved å jobbe for 1) klarare ansvars- og oppgåvefordeling internt i leiinga, 2) betre planlegging, 3) betre styringsdokument, 4) betre informasjon og 5) betre utnytting av samarbeidstida.
Den pedagogiske leiinga
- Er pådrivarar i det lokale læreplanarbeidet.
- Driv tett og systematisk oppfølging (dialog, støtte og kontroll) av lærarane og kontaktlærarane på grunnlag av m.a. kjenneteikn på god undervisning*, klassebesøk (skulevandring), undervisningsevaluering og elevundersøkinga.
- Driv tett og systematisk oppfølging (dialog, støtte og kontroll) av kontaktlærarane.
|
| Lærarane Fagleg fokus og utvikling
- Held seg oppdatert (fagleg, pedagogisk, didaktisk) m.a. gjennom samarbeid med kollegaer lokalt og eksternt (fagnettverka).
- Vidareutviklar (basis)ferdigheitene sine i IKT.
- Reflekterer over eiga undervisning, individuelt og i dialog med kollegaer og avdelingsleiar på grunnlag av m.a. kjenneteikn på god undervisning, undervisningsevaluering og elevundersøkinga.
Lokalt læreplanarbeid
- Er på leit etter og prøver ut alternative læremiddel (trykte og digitale) og arbeidsmetodar som kan føre til meir læring.
- Vidareutviklar arbeidsplanane og bruken av desse i dialogen med elevane.
- Vidareutviklar ein vurderingspraksis som fremmar læring (undervegsvurdering og eigenvurdering) og sikrar at sluttvurdering gir uttrykk for eleven sin sluttkompetanse (jf. forskrift til opplæringslova).
|
| Kontaktlærarane
- Driv tett og heilskapleg oppfølging av elevane i tråd med eigne planar og retningslinjer for kontaktlærarane og med særleg fokus på elevar i risikosona for fråfall.
|
| Elevane
- Deltek aktivt i skulearbeidet og er med å skape eit godt læringsmiljø.
|
|
|
| *Kjenneteikn på god undervisning
|