Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Om skulen / Rektor si side

Rektor si side

 

Stranda vidaregåande skule er først og fremst ein stad for læring. Men læring kan gå føre seg på mange vis. Vi har alle ulike evner og føresetnader. På skulen vår prøver vi å møte den einskilde eleven med varierte undervisningsmetodar og med mulegheiter til å velje både tempo og arbeidsmåtar sjølv. Målet er sjølvsagt heile tida at alle skal bli motiverte til å lære og ha optimale læringsvilkår. Det er ikkje lett å skape slike vilkår. Berre gjennom godt samarbeid med elevane kan vi ha von om å greie det.

Vi som arbeider på Stranda vidaregåande skule, trivst på skulen vår! Elevinspektørane viser at det gjer også svært mange av elevane våre. Trivsel er eit godt utgangspunkt for læring. Om ein svingar seg på brett i puddersnøen ned frå ”Roalden”, prøver ut si første grillpølseoppskrift eller er i ferd med å leggje fram særemnet sitt i norsk – er kjensla av meistring - av det å lukkast viktig for alle. Og heldigvis har vi ulikt syn på kva det er å lukkast på ulike felt!

Stranda vidaregåande skule har tilbod både til ungdom mellom 16 og 19 år, dei tradisjonelle elevane i vidaregåande skule, og til vaksne. Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere ulike utdanningsbehov! Kunnskap er nøkkelen til kompetansesamfunnet. Vi har nøkkelpersonellet!

Med helsing

Jon Hjortdal

rektor