Skulebygga
Stranda vidaregåande skule blei starta i 1974. I den første tida heldt skulen til i leigde lokale ved Stranda Ungdomsskule, men i 1977 stod skulen sitt hovdedbygg ferdig. I tillegg til arbiedsrom for lærarar og elevar og ordinære klasserom er her m.a. språklab, bibliotek, aula, elevkantine og kjøkken for restaurant- og matfag.
Tidleg på 1990-talet fikk skulen eit eige næringsfagsbygg, som no blir brukt til restaurant- og matfag. Her er det moderne labratorium, fullt utstyrt produksjonsavdeling og øvingsbutikk.
Skulen disponerer og ein paviljong med styrketreningsrom. Utanom ordinær undervisning har elevar tilgang til styrketreningsrommet på ettermiddagstid frå kl. 15.30 til kl. 20.00.
Strandahallen og andre idrettsanlegg på Stranda
Skulen disponerer Strandahallen på dagtid saman med Stranda ungdomsskule. Stranda stadion på Mona blir nytta til friidrett og fotball. Her er det kunstgras både på 11ar-bana og på eit mindre treningsfelt.
Strandafjellet
Strandafjellet, som er mellom dei beste alpinanlegga i Noreg, har seks heiser og 17 nedfarter. Delar av anlegget har flomlys og snøkanoner. I tillegg er der totalt 15 kilometer preparerte langrennsløyper, mellom anna ei godt tilrettelagt lysløype (3 km). To halve skuledagar i veka frå jul til påske er elevane på idrettsfag i løypene på Strandafjellet. Til Strandafjellet er det berre 10 min med bil/buss.