Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Om skulen / Skulereglement

Skulereglement

 

Del A er vedtatt av Utdanningsutvalet
Del B er vedtatt av skuleutvalet ved Stranda vidaregåande skule

Forskrift fastsett med heimel i opplæringslova (Oppl) av 17.07.98 nr 61, §§ 2-9 og 3-7.

DEL A
FORMÅL

§ 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, som er rusfritt, og fritt for mobbing, vald og anna krenkande åtferd. Formålet med reglementet er å skape godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremme god orden og gode arbeidsvanar og slik legge til rette for god læring.
Reglementet forpliktar heile skulesamfunnet.

Reglementet skal omfatte:
• Elevane sine rettar og plikter
• Orden og åtferd
• Tiltak overfor elevar som bryt reglement, og framgangsmåten ved handsaming av slike saker

VIRKEOMRÅDE

§ 2 Reglementet gjeld for alle elevar ved skulen under opplæring og, så langt anna ikkje er bestemt, også for vaksenopplæringa sine elevar, lærlingskuleelevar, hospitantar og andre når opplæringa går føre seg i skulen sin regi.
Reglementet gjeld også opplæring og aktivitet som skulen har ansvar for utanfor skulen sitt område, så langt dette ikkje er i strid med lokalgitte påbod eller forbod, og ved ekskursjonar.
Reglementet er retningsgivande for vurdering av orden og åtferd.

RETTAR

§ 3 Elevane har rett til vidaregåande opplæring jf. opplæringslova med forskrifter, fylkeskommunale vedtak og gjeldande læreplanar.

§ 4 Elevane har rett til ei opplæring som er tilpassa føresetnader, evner og behov. Elevane har derfor rett til og skal delta i:
• planlegging av opplæringa
o utforming av periodeplanar
o tolking og analyse av læreplanmål
o utforming av læringsmål
o val og utforming av kriterium for vurdering
o val av lærestoff i forhold til læreplanane, m.a. rett til sjølv å velje læreverk
o val av arbeids- og vurderingsformer
• gjennomføring av opplæringa
• vurdering av opplæringa
o sluttresultatet av arbeidet i forhold til læringsmål
o prosessen som førte fram til resultatet
Desse momenta kan vere individuelle for den enkelte elev, felles for ei mindre gruppe eller for større grupper.
Skulen er ansvarleg for å gi elevane dei nødvendige føresetnadene for å kunne delta aktivt i dette arbeidet.

§ 5 Elevane har rett til å få tilbakemelding, oppfølging og rettleiing i forhold til dei måla den enkelte arbeider etter.

§ 6 Det skal gjennomførast førebudde elevsamtalar minst ein gong kvar termin mellom elev og kontaktlærar eller annan lærar.

§ 7 Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har elevane rett til rådgiving, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette, m.a. tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste.

§ 8 Elevane har rett til rådgiving om utdanning og yrkesval.

§ 9 Skulen skal ha eit system som sikrar at det blir vurdert i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa er med på å nå dei måla som er fastsett for eleven eller gruppa.
Grunnlaget for vurderinga er læreplanverket sin generelle del og fagspesifikke delar som heile skolesamfunnet er forplikta overfor.
Elevane har rett til og skal delta i denne vurderinga.

§ 10 Elevane bør og har rett til å ta opp med skulen (faglærar, kontaktlærar, rådgivar, skuleleiinga, ev. gjennom elevtillitsvalte) forhold som ikkje fungerer tilfredsstillande.

§ 11 Elevane har rett og plikt til å danne elevråd og å vere representert i skuleutval, skulemiljøutval og arbeidsmiljøutval.
Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skuleleiinga.

PLIKTER

§ 12 Elevane har plikt til å rette seg etter lover, reglement og instruks som gjeld.

§ 13 Elevane plikter å delta aktivt i opplæringa i den form den blir avtalt.

§ 14 Elevane skal snarast mogleg ta kontakt med faglærar dersom dei ikkje kan følgje opp arbeid til avtalt tid.

§ 15 Elevane skal følgje verne- og tryggleiksreglar og bruke det arbeidsty og verneutstyr som vert kravd i læreplan eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skulen.

§ 16 Elevane skal halde seg med nødvendig lærestoff, materiell og utstyr til eige bruk som skulen ikkje held. Pålagt materiell og utstyr eller betaling for dette må ikkje vere i strid med forskrift eller vedtak frå departementet eller fylkeskommunen.

§ 17 Skulen sin eigedom og skulen sitt utstyr skal brukast med omtanke. Hærverk og skade kan føre til erstatningsansvar, jf. skadeserstatningslova.

§ 18 Ein elev som gjennom arbeidet sitt, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjend med spesielle opplysningar, har teieplikt etter forvaltningslova sine reglar § 13 - 13 f. Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.

DEL B
SÆRSKILTE REGLAR FOR STRANDA VIDAREGÅANDE SKULE

§19 ARBEIDS- OG LÆRINGSMILJØET
Det skal leggast vekt på å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø prega av engasjement,
aktiv deltaking og gode samarbeidsformer mellom alle i skulen. Det er viktig å vise respekt og medansvar og unngå eller hindre oppførsel som har negativ innverknad på miljøet.

A. Alle må opptre omsynsfullt, realt og høfleg overfor kvarandre. Plaging, mobbing, vald eller
annen krenkande oppførsel blir ikkje akseptert. Alle partar i skulesamfunnet pliktar å hindre at dette skjer.
B. Arbeidsvanane til alle i skulen skal vere prega av arbeidsro, ansvar og orden med ryddig, punktleg og påliteleg framferd og oppførsel. Dette gjeld både i timar med fellesundervisning og individuell undervisning.
C. Alle skal vise respekt for undervisninga og halde god orden over heile skulen – både ute og inne.
D. Alle elevar skal ha med nødvendige læremiddel til undervisninga.
E. Alle pliktar å følgje dei reglane skulen har for bruk av læremiddel, IKT, internett og mobiltelefon.
F. Bruk av tobakk er skadeleg. Det er ikkje lov å røykje, snuse eller bruke andre
tobakksprodukt i skulebygga, på skulen sine område og i lokale som skulen leiger.
G. Bruk og oppbevaring av rusmiddel er forbode på skulen sitt område. Det er også forbode å vere påverka av rusmiddel på skulen.

§ 20 OPPMØTE OG FRÅVÆR
Alt fråvær for eleven skal førast elektronisk og vere tilgjengeleg for eleven, og seinare overførast til vitnemål og kompetansebevis. Dette gjeld både for fellesundervisning og individuell undervisning. Fråvær skal førast i dagar og einskildtimar. For delkurselevar skal fråvær berre førast i timar. Årsak til fråvær kan ein krevje påført dokumentasjonen. Elev eller kursdeltakar har sjølv ansvar for å dokumentere årsaka til fråværet. Eleven må avklare og gjere avtalar med faglærar før han/ho kan vere borte frå timen utan at det vert ført fråvær.

Organisert eller sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrative gjeremål, etter avtale med faglærer eller rektor, blir ikkje rekna som fråvær.

A. Aktiv deltaking er nødvendig for god læring. Elevane pliktar å møte presis til opplæringa med mindre det føreligg avtale med rektor, kontaktlærer eller faglærer om ei anna arbeidsform.
B. I samband med følgjande tilhøve blir inntil 14 dagar ikkje rekna som fråvær:
• arbeid som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar på regionalt plan eller landsplan
• arbeid som tillitsvald i elevorganisasjon på regionalt plan eller landsplan
• dokumentert lovpålagt oppmøte
• dokumentert og langvarig eller kronisk sjukdom
• organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar
• inntil 2 dagar ved religiøse høgtider for elevar som er medlem i andre trussamfunn enn
Den Norske kyrkja. Elevane kan søkje skulen om at fråvær i samband med religiøse
høgtider ut over dei to dagane ikkje blir rekna som fråvær.
• deltaking i idretts- og kulturarrangement som utøvar etter søknad til skulen (eige skjema for idrettspermisjon)

C. Alt fråvær ut over dei 14 dagane skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
D. Eleven/kursdeltakaren kan krevje at grunnen til fråværet blir ført på dokumentasjonen og
er sjølv ansvarleg for å dokumentere grunnen til fråværet.
E. Om ein elev blir sjuk eller av annan tvingande grunn må forlate undervisninga i løpet av
skuledagen, skal han alltid melde frå til kontaktlærar/faglærar gjennom utfylling av eige skjema og få godkjenning med underskrift.
F. Dersom fråværet varer meir enn tre dagar i samanheng, skal skulen ha melding.
G. Organisert eller sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrative gjeremål blir ikkje rekna
som fråvær når det er avtalt med rektor, kontaktlærar og faglærar.
H. Høgt fråvær som medfører at det ikkje er karaktergrunnlag, kan føre til at eleven ikkje får termin- og standpunktkarakter.
I. Skulen skal så langt det er mogleg hjelpe elevar som får høgt fråvær grunna langvarig/kronisk sjukdom eller omsorgsansvar. Dette kan til dømes skje ved at ein legg til rette for ekstra opplæring, ekstra prøver og sjølvstendig studiearbeid.
J. Kontaktlærer kan gi permisjon for inntil 1 dag. Rektor kan gi permisjon ut over 1 dag (etter tilråding frå kontaktlærar ).

§ 21 FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK
Bruk av ulovlege hjelpemiddel og kommunikasjon med andre i ein prøvesituasjon blir rekna
som fusk. Det same gjeld avskrift eller kopiering av andre sitt arbeid som blir levert som eige produkt. Det blir også rekna som fusk at ein ikkje har reinska pcen sin etter gitte retningslinjer.
Dersom ein elev blir tatt i fusk eller forsøk på fusk ved eksamen eller prøver, skal dette
meldast til eksamensansvarleg eller rektor.
Karakteren på prøva eller det arbeidet det gjeld, blir annullert.
Fusk ved eksamen er regulert ved forskrift til Opplæringslova § 4-57

§ 22 KONSEKVENSAR FOR ELEVAR SOM BRYT REGLANE
Brot på reglementet vil resultere i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak, særskilte
tiltak og/eller nedsett karakter i orden og åtferd.
Alle tiltak skal dokumenterast skriftleg. Tiltaka må vere innafor rammene i Opplæringslova § 3-7.
Refsingstiltak
Refsingstiltak kan vere:
? påtale frå ein av de tilsette ved skulen.
? utelukking frå gruppe for resten av timen etter faglærer si avgjerd.
? utelukking frå skulen for resten av skuledagen etter avgjerd frå rektor
Særskilte tiltak
Ved alvorlege brot på skulereglementet, eller dersom eleven ikkje betrar seg etter
refsingstiltak, kan særskilte tiltak settast i verk.
Dette inneber:
? mellombels eller permanent bytte av gruppe
? bortvising frå i inntil fem dagar
? bortvising for resten av skuleåret etter vedtak av fylkesutdanningdirektøren jf.
Opplæringslova § 3-8. Dette kan medføre at eleven i tillegg taper elevrettane sine etter
§ 3-1 i same lov
Bortvising frå skulen medfører ikkje at eleven fell utanfor ansvaret til oppfølgingstenesta.

Andre tiltak
I tillegg til refsingstiltak eller særskilte tiltak kan f.eks. følgjande vere ein konsekvens av brot på reglementet:
• skriftlege avtalar
• kontakt med heimen og involvering frå føresette
• samtaler med lærar/rektor og/eller utføring av pålagde oppgåver før/etter skuletid
• beslag av ulovlege gjenstandar
• pålegg om å utføre oppgåver for å rette opp skade som er påført skulen sin eigedom
(rydde, vaske, fjerne tagging m. v.)
• avgrensa tilgang til bestemte aktivitetar ved gjentekne eller alvorlege brot på
• reglar/retningslinjer for desse aktivitetane
• melding av straffbare forhold
• Ved skade og liknande på skulen eller skulen sin eigedom der det er nødvendig med
særskilte reinhaldstiltak og/eller reparasjon av skade, vil erstatning bli vurdert (jf.
Skadeerstatningsloven).
• Brot på reglementet vil bli vurderte ved fastsetting av termin- og standpunktkarakter i orden og åtferd.

§ 23 SAKSHANDSAMING
Alle tiltak skal dokumenterast skriftleg.
Før refsingstiltak blir sette i verk, skal eleven ha høve til å forklare seg.
Ved særskilte tiltak skal rektor først rådføre seg med eleven sine lærarar. Før ein tar i bruk
særskilte tiltak, skal skulen først vurdere alternative tiltak, f.eks. hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og det sosialpedagogiske personalet skal ha uttalt seg. Det skal leggast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom skule og heim og foreldre/føresette. Dersom eleven ikkje er myndig, skal foreldre/føresette ha skriftleg melding om refsing og om grunnen til refsinga.
Ved særskilte tiltak blir det gjort enkeltvedtak etter forvaltningslova.

§ 24 GENERELLE ORDENSREGLER
Friminutta bør nyttast til å trekkje frisk luft. Dersom det førekjem uorden, hærverk eller andre brot på reglementet i klasseromma fordi dei er opne i friminutta, kan rektor avgjere at rom skal stengast for eit avgrensa tidsrom. Elevar som skal skifte klasserom, skal nytte friminutta til dette.
Eting og drikking skal normalt ikkje skje på klasseromma.
Parkering skal berre skje på tilvist plass. Unødig køyring på skulen sitt område er ikkje lov. Det er ikkje lov å køyre over skuleplassen nedanfor ungdomsskulen. All køyring på skuleområdet skal skje med aktsemd.