/ Forsiden / Skulestart 2010/2011 - Informasjon til nye og gamle elevar
Infomasjon om skulestart 2010/2011
________________________________________________________
Alle elevar møter til felles start av skuleåret i aulaen torsdag 19. august kl 10.00.
Fellesinformasjon og opprop og inndeling i basisgrupper.
________________________________________________________
Alle elevar får låne lærebøker av skulen gratis. Du treng altså ikkje å kjøpe ei einaste lærebok.
Anna undervisningsutstyr som du treng må du kjøpe sjølv (t.d. skrivemateriell, PC, kalkulator, arbeidsklær, verneutstyr). Sjå informasjon om utsyrsstipend frå Lånekassa og PC-ordning for Vg1-elevar frå Møre og Romsdal fylke nedanfor.
________________________________________________________
Det er obligatorisk med berbar PC på Stranda vgs (og dei andre vidaregåande skulane som er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommunen).
Nye Vg1-elevar kan velje mellom to ordningar for å skaffe seg PC. Dei får anten
Dersom vel den første ordninga må du fylle ut eit eige registreringsskjema som du finn saman med meir informasjon her. Frist for registrering er 16. juli.
________________________________________________________
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregående skule har rett på utstyrsstipend frå Lånekassa. Stipendet er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener. Alle som skal ha utstyrsstipend må søke Lånekassa. Du kan lese meir om utstyrsstipendet her.
Informasjon om andre stipend og lån frå Lånekassa finn du her.
________________________________________________________