Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule
Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Stranda skigymnas / Nyheitsarkiv / 50 born og ungdom deltok på langrennsamling i Hovdebygda.

50 born og ungdom deltok på langrennsamling i Hovdebygda.

Hovdebygda il stod som arrangør av regionsamling i langrenn og rekruttsamling for born i alderen 8-12 år.

Regionsamlinga samla langrennsungdom frå regionlaga Storfjordlangrenn og Søre Sunnmøre Langrenn. På denne samlinga deltok 30 ungdommar i alderen 14 til 18 år. Møre og Romsdal skigymnas på Stranda, Storfjordlangrenn og Hovdebygda il stilte med trenarar. Skigymnaset stilte med trenarane Jorun Vigdal og Anneli Rem, storfjordlangrenn med trenarane Anne Gry Myklebust og Jan Erik Westerås og Hovdebygda il med trenarane Helge Ressem og Stian Øye. Det er første året Søre Sunnmøre Langrenn og Hovdebygda il deltek på samlingar i lag med Storfjordlangrenn. Tilbakemeldingane på dei som har delteke i år er gode. Stranda skigymnas med sine trenarar, er ein svært positiv bidragsytar for dette regionsamarbeidet. Skigymnaset gir no eit godt skuletilbod til ungdom som vil satse på langrenn. Langrennsløparane får delta på samlingar der det meste av langrennsungdommen på Sunnmøre er samla til trening, og dette vil nok på sikt føre til betre resultat og redusere fråfallet frå idretten.
Første samlinga var i Valldal i august, den andre på Hellesylt i september, den tredje i Hovdebygda no i helga og den neste vert på Sjusjøen i november. Dei som presterer best i juniorklassene vart i år uttekne til det nye Kretslaget til Møre og Romsdal skikrets, som har sine eigne samlingar kvar månad.
Samling for rekruttar.
Hovdebygda il har som målsetting å heile tida rekruttere born til langrennsidretten. Eit ledd i dette var å arrangere ei samling for born i alderen 9-13 år, samtidig med kretssamlinga. Det melde seg på 15 born, om lag likt fordelt mellom Volda TI og Hovdebygda IL. Trass i mykje regn så var innsatsen på topp gjennom heile samlinga. Laurdag stod rulleskitrening på programmet. HIL har junior rulleski til utlån til unge medlemar og desse er lette og fine og gå på. Etter ein pause og eit godt, varmt måltid, var det ny trening med hinderløype som uthaldenheitstrening, hurtigheit- og spensttrening. Søndag vart det gjennomført ei trening med spenst- og hurtigheittrening, deretter styrketrening og ballspel. Heile tida er det lagt vekt på at treninga skal ha innslag av leik og moro og høg intensitet. Etter at vi innførte dette for nokre år sidan,
har treningane vorte kjekkare og borna minst like flinke på langrennski.
Neste samling for Hovdebygda sine løparar er i månadskiftet november/desember. Då tek vi turen til Dombås, der det er svært sikre snøtilhøve tidleg i skisesongen. På denne samlinga er det også høve til å delta på første skøyterennet for sesongen.
Guttorm Øye