Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Utdanningstilbod / Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag

Nytt utdanningsprogram

Mat og drikke er spennande og viktige innslag i kvardagen til menneska. Endringar i samfunnet fører til nye trendar innan kost- og måltidsvanane, og servervingsstadane spelar ei viktigare rolle i kosthaldet enn før. Restaurant- og matfag gir deg innføring i nasjonal og internasjonal utvikling innanfor matfaga.

Når du søker deg inn på VG1 er dette det første året i opplæringa innanfor dei 12 restaurant- og matfaga.

VG1 er steget inn i ei verd full av mulegheiter. Utdanninga er allsidig og kan brukast over heile verda. Du kan finne deg yrke i kreative, spennande, impulsrike og internasjonale miljø, enten du arbeider innanfor kokkefag, servitørfag, kjøtfag, fiskefag, bakar– og konditorfag eller industriell næringsmiddelproduksjon. Og det er for tida stor etterspurnad etter arbeidskraft innan hotell– og næringsmiddelfagbransjen.

Bilde frå elevaktivitetar: http://www.123hjemmeside.no/yrkesfag

Her finn du ei lenkje du kan sjå på:

www.restaurantogmatfag.no