Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Utdanningstilbod / Studiespesialisering

Studiespesialisering

Studiespesialisering - grunnlag for vidare utdanning med generell eller spesiell studiekompetanse

Med vitnemål frå studiespesialisering får du generell eller spesiell studiekompetanse. Generell studiekompetanse gir deg rett til å studere på høgskular og universitet, bortsett frå dei studiane som krev spesiell studiekompetanse. Spesiell studiekompetanse får du dersom du vel fordjuping i realfaga. Det er krav om slik kompetanse dersom du til dømes skal bli lege, veterinær, tannlege eller ingeniør.

Programområde og programfag (Vg2 og Vg3):
I løpet av første året (Vg1) må elevane velje kva programområde dei vil halde fram med på Vg2 og Vg3 (språk, samfunnsfag og økonomi, eller realfag). Dei kan velje til saman 30 timar per veke med programfag innafor desse programområda i Vg2 og Vg3 (dvs. 15 timar kvar år). Dette tilsvarar 3 programfag kvart år. To av desse programfaga må veljast innan det programområdet dei spesialiserersdeg i, medan det tredje kan veljast fritt (òg frå idrettsfag!). 15 timar per veke er sett av til fellesfag.

Obligatoriske fag:

  • Norsk (Vg1-Vg3)
  • Engelsk (Vg1)
  • Matematikk (Vg1-Vg2) - vel mellom praktisk (1P+2P) eller teoretisk matematikk (1T+R1)
  • Naturfag (Vg1)
  • Samfunnsfag (Vg1)
  • Geografi (Vg1)
  • Historie (Vg2-Vg3)
  • Religion og etikk (Vg3)
  • 2. framandspråk - tysk/ fransk/spansk- (Vg1-Vg2)
  • Kroppsøving (Vg1-Vg3)

Programfag (Vg2-Vg3):

  • Biologi 1 og 2
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1 og 2
  • Matematikk R1 og R2
  • Engelsk - Internasjonal engelsk (Vg2) og Samfunnsfagleg engelsk (Vg3)
  • Politikk, individ og samfunn - Sosiologi og sosialantolopogi og Politikk og menneskerettar
  • Friluftsliv