Right menu

Kontaktinfo:

Stranda vidaregåande skule Hevsdalsvegen 52
6200 Stranda
Telefon: 70268680
Fax: 70268681
banner

/ Forsiden / Verdsarvskulen / Verdsarvprosjektet ved Stranda vgs

 

Bakgrunn

Vestnorsk fjordlandskap kom i 2005 med på UNESCO si verdsarvliste. Geirangerfjorden, den eine av dei to fjordane som er med, ligg i inntaksregionen til Stranda vidaregåande skule. Verdsarvstatusen ser ut til å skape optimisme i området, men kommunane i Indre Storfjord-området har mange utfordringar. Området opplever stor ungdomsutflytting og folketalsframskrivingane syner folketalsnedgang. Det er problem med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft. Gründarmentaliteten er minkande, og det er få nyetableringar.

Stranda vidaregåande skule vil gjerne vere med å skape eit utdanningstilbod som kan gje ungdomen forståing for dei nye utviklingsmoglegheitene i regionen, vekkje interesse for nyskaping innafor det lokale næringslivet og medvit om lokal identitet. Vidare ser vi at verdsarvstatusen kan gjere det mogleg å utvikle spanande internasjonale skuleprosjekt.

Møre og Romsdal skal ha eit desentralisert skuletilbod. For å utvikle og styrke grunnlaget for dette, er det viktig at distriktsskulane utviklar eigne tilbod ut ifrå lokale behov og spesielle tilhøve i eigen region. Det burde liggje til rette for at kommunane i Indre Storfjord-området utviklar undervisningstilbod med særleg vekt på den nye statusen som verdsarvområde. Lokal identitet og evne til å forstå og ta vare på lokale tradisjonar vil vere avgjerande for utviklinga i framtida.

Verdsarv og skule

Hausten 2006 trer skulereforma Kultur for læring i kraft. Handlingsrommet innafor den nye programfagtenkinga er stort, og det vert oppfordra til lokal utforming av undervisingstilboda. I vår region tenkjer vi oss at det vil vere mogleg å «verdsarvrette» mange fag. Dei programma som Stranda vidaregåande skule skal ha i følgje skulebruksplanen, høver særs godt til å utvikle ein «verdsarvskule». Innafor studiespesialiserande program kan ein tenkje seg språkfaga retta mot kommunikasjon med og informasjon om verdsarvstader i andre land, norsk og historie kan konsentrere seg om tradisjonshistorie, geografi og realfag kan sjå på landskap og landskapsvern, biologisk mangfald osv. Program for idrett kan ta føre seg opplevingsturisme i vidaste forstand, og innafor hotell- og matfag er moglegheitene nær sagt endelause.

Utviklingsaktør

Med utgangspunkt i verdsarvstatusen, kan ein altså tenkje seg eit nytt grunnlag for skulesatsing i Indre Storfjord. Skal ein lukkast med dette, må skulen bli ein tydeleg utviklingsaktør Dette vil vere eit nybrottsarbeid som krev tilføring av midlar, særleg i utviklingsfasen. For å appellere både til ungdom i eigen region og andre som ser ei framtid innafor reiselivsnæringa og i samband med næringsutvikling meir generelt, må tilbodet utviklast og marknadsførast på brei basis. Det er solid erfaring innafor tradisjonell reiselivsnæring i regionen, og det ligg til rette for nært samarbeid med næringa. Samstundes er det klart at næringa treng nytenking og friskt blod. Den kreativiteten som ungdommen representerer har regionen ikkje råd til å gå glipp av.

Prosjektmidlar

Skulen treng prosjektmidlar til å drive lokalt planarbeid og skaffe fram eigne læremiddelpakkar innafor ulike fag. Vidare treng ein midlar til å kunne tilby fleire fag enn det skulen greier over ordinært budsjett i ein overgangsfase. Dersom prosjektet er vellukka, vil søknaden til skulen auke, og ein vil kunne tilbydesse faga innafor normalbudsjettet til skulen. Problemet i ein desentralisert skulestruktur er sjølvsagt at småskulane ikkje greier å konkurrere når det gjeld fagtilbod, og difor mistar mange elevar som i utgangspunktet kunne tenke seg å gå på nærskulen.

Det vil altså vere eit interessant prosjekt i seg sjølv å sjå korleis eit meir spanande fagtilbod vil slå ut i søknadssamanheng for ein liten skule. For to år sidan gjennomførte skulen eit prøveprosjekt med eit valfag i reiseliv 5 t/v i nær kontakt med næringa. Representantar for næringa la vekt på at det dei nå treng, er ungdom som har kunnskap om kommunikasjon, språk og kultur. Særleg er det interesse for språk som få vidaregåande skular i dag kan tilby. Den store turistauken er venta å kome frå Japan, Kina og Russland. Dersom vi kunne tilby eitt eller fleire av desse språka, ville truleg lærekreftene kunne nyttast både i den ordinære undervisninga og i ressurssentersamanheng med tilbod til næringslivet.

Vi treng midlar til å hente inn ekstern kompetanse og vidareutvikle eigen kompetanse med omsyn til å bevisstgjere elevane på eigen region. Dei må lære å kommunisere med folk frå andre kulturar og bli meir medvitne om eigen kultur. Vi må gjere dei meir modne for oppgåva som kulturberarar. Dette er ei stor oppgåve i ei tid då mange orienterer seg bort frå lokalmiljøet og tradisjonane som er knytte til dette.

Regional utvikling

Einskapsfylket Møre og Romsdal har tatt mål av seg til å bli ein viktig utviklingsaktør og ha eit nært samarbeid med kommunane i fylket. Arbeidet med Vestnorsk fjordlandskap og verdsarvstatusen kan gi høve til å demonstrere i praksis kor fruktbart dette samarbeidet kan vere. Her kan ein sameine innsatsen på fleire område som alle er avgjerande for utviklinga i framtida i eit stort område i fylket. Fylket har interesser knytt til næringsutvikling, landskapsvern, folketalsutvikling og ikkje minst til utdanning og kompetansebygging. I tillegg er det både av regional og nasjonal interesse at verdsarvstatusen vert handtert med grunnleggjande innsikt i dei globale utfordringane som ligg til grunn for at ein i dag finn det nødvendig å opprette område i verda med eigen status og eige krav på vern i framtida. Difor må fylket syte for at dei som veks opp i vårt verdsarvområde får spesiell innsikt i dei utfordringane verdsarvområda står overfor.

Målsetting

Det syner seg at kulturminne og kulturmiljø gir høve til auka verdiskaping. Stader med godt bevarte kulturminne, ei særeigen historie og spesiell identitet kan ha konkurransefortrinn både med omsyn til reiseliv og i samband med anna næringsverksemd. Dette kan bidra til å oppretthalde busetnad og arbeidsplassar lokalt og regionalt. Skal ein ha håp om å utnytte denne effekten, må ein satse målretta og leggje utviklingsplanar som inkluderer ungdomen. Utfordringa i Storfjordområdet er ekstra stor, sidan det her gjeld å snu ein trend og kjempe mot utviklingstrekk som av mange blir sett på som nærmast umoglege å snu.

Gjennom ei forsterking av den lokale identiteten og auka kunnskap om vår plassering i global samanheng, legg ein også godt grunnlag for internasjonalt samarbeid om bevaring av kulturminne og kulturmiljø. Eit internasjonalt utvekslingsprogram for ungdom ville kunne gjere utdanningstilbodet i eigen region attraktivt og spanande.

Skal Geirangerfjorden halde på statusen sin som verdsarvområde, er det avgjerande med ei organisering av forvaltninga som sikrar at verdiane blir tatt vare på for framtida. Då må den oppveksande generasjonen få kunnskap om både vernetiltak og utviklingsmoglegheiter. Moderne geoturisme krev innsikt i kulturminnevern og miljøvern. Skal Geirangerfjord-området kunne rapportere tilfredsstillande til UNESCO i framtida og halde på statusen sin, må kunnskap om vern og ein respektfull utviklingsstrategi prege både dei som skal gå inn som aktørar næringslivet og dei som skal fatte politiske styringsvedtak i området. Dette stiller krav om utdanning og kompetanse. Stranda vidaregåande skule og Storfjord kompetanse ser dette som ei utfordring og vil gjerne vere med å bidra til ei positiv utvikling av verdsarvområdet.

Prosjektperiode

Prosjektet med utvikling av Verdsarvpogrammet bør gå over 3 år. Då vil ein kunne implementere verdsarvarbeidet i arbeidet med innføringa av Kunnskapsløftet på VG1, VG2 og VG3.

Innleiande arbeid

Arbeidet med Verdsarvprogrammet er allereie i gang ved Stranda vidaregåande skule.

Vi har søkt om opptak i UNESCO sitt skulenettverk ASSOCIATED SCHOOLS PROJECT Network (ASPnet). Vi har sagt oss særleg interesserte i programmet World Heritage in young hands. Vår søknad vert handsama på nasjonalt plan i løpet av januar. Ved positivt svar her, sender vi søknad med nasjonal anbefaling vidare til UNESCO sentralt.

Frå det førebuande arbeidet i seksjonane kan vi nemne interesse for å arbeide vidare med desse områda:

  • storytelling
  • haldningsskapande arbeid
  • vern og konservering av all slags kultur, historie, landskap og miljø
  • utvikling av lokal og nasjonal ekspertise
  • internasjonalisering
  • formidling av eigne verdsarvressursar
  • språkundervisning med aktualiserande vinkling – kommunikasjon på globalt plan
  • integrering av verdsarvarbeidet i tysk, engelsk VG1 frå 2005, fransk på VG2 frå 2006
  • arbeid med småskalaproduksjon i matfag, lokale mattradisjonar, økologiske produkt
  • geografi – vidareutvikling av samarbeidet med Møre og Romsdal sitt vennskapsfylke i Tsjekkia
  • opplevingsturisme – idrett og friluftsliv
  • lokale friluftslivtradisjonar
  • friluftsliv – skånsam ferdsel i naturen
  • skildring av naturopplevingar
  • sikker ferdsel - beredskapsplanar